Ordklassar

Forkortingar

Vi bruker desse ordklassane:

n substantiv (girji, lohkamat, golmmas)
prop propra (egennavn) (William, Kárášjohka)
pron pronomen (mun, sidjiide, soapmásat, ollu)
num talord (okta, 1923)
adj adjektiv (alit, ollu, njealját)
prp pre-/postposisjon (alde, miehtá)
conj konjunksjon (ja, ahte, vaikko)
intj interjeksjon (vuoi, jippi)
adv adverb (hui, johtilit, olgun)
v verb (lean, borran, juhkamis)
part partikkel (go, amma, han)

Propra (egennavn) er merket spesielt berre i setningstreet. Ellers høyrer dei inn under substantiva.

I nokre spel er det merka ordklassar som ikkje finst i samisk, så som "infm" (infinitivsmerke) og "art" (artikkel).

Vurdering av ordklassar

Det er ikkje alltid så klart kva ordklasse eit ord høyrer til. Vi kan argumentere både semantisk, morfologisk og syntaktisk. Mellom substantiv og adjektiv er det ikkje så klår grense. Og ordet kan tilhøyre ulike ordklassar etter korleis det brukes i setninga. ollu kan vere både pronomen, adjektiv og adverb. go kan vere subjunksjon og partikkel. Dessutan er nokre ord definert å tilhøyre ein annan ordklasse i "Samisk-norsk ordbok" enn i t.d. Nickels grammatikk. VISL-spela følgjer "Samisk-norsk ordbok".

Talord eller ikkje? Talorda refererer ikkje sjølv til konkrete eller abstrakte referensar, men talord kan i lag med innhaldsord lage fraser som referer, som t.d. i golbma gusa. Men talord kan avleiast til adjektiv (t.d. njealját - som er ordenstal) eller til substantiv (t.d. nealjis - som er samlingstal), til verb (t.d. njealjádastit) eller adverb (t.d. njealjádis, njelljii) (Sammallahti). Nickel på si side held samlingstal og ordenstal for å vere talord, men desse orda oppfører seg verken morfologisk eller syntaktisk som talord.

Partikkel eller adverb? Eit par ord som høyrer til partiklane hos Nickel, er i "Samisk-norsk ordbok" merka som adverb, t.d. gal, fal. VISL-spela følgjer "Samisk-norsk ordbok", og partiklane er ord som go, amma, han, ba. (Sammalahti legg også sideordnande konjunksjonar inn under partiklane, i og med at dei ikkje tar dependensar.)

Kjelder

  • Kåven j.ea. 1995: Samisk-norsk ordbok. Davvi Girji.
  • Nickel 1994: Samisk grammatikk. Rievdaduvvon 2. deaddileapmi. Davvi Girji.
  • Sammallahti 2005: Láidehus sámegiela cealkkaoahpa dutkamii. Davvi Girji.
  • Sammallahti 2007: Gielladutkama terminologiija. Davvi Girji.