Labyrinth (Labyrint)

Direktelink til Labyrinth VISL

Å starte spelet

I Labyrinth-spelet arbeider du med ordklassar.

Du kan

  1. skrive nummeret til setninga du vil ha - eller
  2. berre trykke "Play"

Deretter opnar det seg eit nytt vindauge der det er ei gul mus. Viss du trykker på den raude knappen til musa, startar spelet. Det kjem ein labyrint til syne, som inneheld ordklassar. Du dalar ned i labyrinten i ein fallskjerm.

Labyrinth-image

Setninga kjem til syne. Du skal gå gjennom labyrinten slik at du finn rett ordklasse til dei orda som er merka. Merk at du ikkje kan gå over same rute to gonger. Merk også at du ikkje kan vere på same stad for lenge, for då kjem det eit fårleg spøkjelse! Viss spøkjelset får tak i deg, mistar du eitt liv.

Du flyttar deg fram og attende med piltastane. Du kan gå gjennom veggane for å finne rett ordklasse. Du kan ikkje gå i eller på kryss av dine eigne spor.

Labyrinth-image

Setningsnummer

Du kan velge eit setningskorpus eller ein spesiell type setninger, t.d. SMEAb143. Men da kan du ikkje registrere resultatet.

Du kan sjå setningkorpusa her: setningskorpus

Nivå

Dess flinkare du er, dess vanskeligare blir spelet. Når du har klart 5 setninger, så kjem spøkjelse tidligare og rører seg fortare enn før. I høgre marg kan du se nivået i spøkjelsebarometeret.

Liv

Du har fra starten av 5 ekstraliv. Du mistar eitt liv når du 1) vel gal ordklasse, eller 2) du går over same rute to gonger eller 3) du freistar å gå gjennom veggen sjøl om du har den riktige ordklassa i nærleiken.

Poeng

Du får 5 poeng kvar gang du treff riktig ordklasse. Du mistar 5 poeng når du gjer feil (når du mistar eit liv). Når du klarer ein setning, så doblast poengsummen (bonus). Når du er ferdig med eit spel, så kan du registrere resultatet og slik konkurrere med andre.

Meny

I Game-menyen kan du stanse spelet, og i tillegg sjå resultata viss du vel Highscores. Du kan starte opp eit nytt spel (New Game). Under Size kan du velge størrelse på skjermen: Small, Medium, Large eller Fit Screen.

Ordklassar og deira forkortingar

Vi brukar disse ordklassane:

n substantiv (girji, lohkamat, golmmas)
prop propra (egennavn) (William, Kárášjohka)
pron pronomen (mun, sidjiide, soapmásat, ollu)
num talord (okta, 1923)
adj adjektiv (alit, ollu, njealját)
prp pre-/postposisjon (alde, miehtá)
conj konjunksjon (ja, ahte, vaikko)
intj interjeksjon (vuoi, jippi)
adv adverb (hui, johtilit, olgun)
v verb (lean, borran, juhkamis)
part partikkel (go, amma, han)

I nokre spel er det merka ordklassar som ikkje finst i samisk, så som "infm" (infinitivsmerke) og "art" (artikkel).

Du kan lese meir om ordklassar her: Ordklassar og vurdering av dei

Labyrinth-link:

Last changed: $Id: Labyrinth_nno.xml,v 1.8 2008/05/06 lene Exp $