Shooting Gallery

Direktelink til Shooting Gallery VISL

Å starte spelet

  1. Skriv setninga sitt nummer (for å få ei bestemt setning) – eller
  2. berre trykk "Play"

Aktiver Java-vindauget med å klikke på det, og trykk på F2-tasten på tastaturet.

Setningsnummer

I Shooting Gallery-spelet arbeider du med ordklasser.

Du kan velge eit setningskorpus eller ein spesiell type setninger, t.d. SMEAb143. Men da kan du ikkje registrere resultatet.

Du kan sjå setningkorpusa her: setningskorpus

Shooting Gallery img

Spel

Datamaskina gjev dei 100 setningar som du skal skyte. Setningane er delt inn i 10 grupper, og maskina vel ein ordklasse for kvar gruppe setningar.

Du prøver å sikte på orda med musa, og så skyt du. Kvar gong du skyt ned eit ord frå rett ordklasse, blir ordet grønt og du får 10 poeng. Viss ordet blir raudt har du truffe feil ord, og du mistar 10 poeng.

Spelet stoppar viss du har truffe feil for 5 ord, eller viss du ikkje klarer å treffe 5 ord som høyrer med i ordklassen du arbeider med. Du kan også stoppe spelet sjølv; frå "Game"-menyen vel du "Stop Game" eller "Quit". Du kan registrere resultata dine berre viss du vel "Stop Game", og viss du har nok poeng.

Resultat

Viss resultatet ditt er blant dei 10 beste resultata for i dag, eller viss det er blant dei 100 beste totalt, får du registrere namnet ditt, og landet du er frå.

Nivå

... er det tre av: "Beginner", "Intermediate" og "Expert". Jo høgare nivå du vel, desto fortare flyg setningane, og desto lengre er dei. Spelet startar på "Intermediate"-nivået, men du kan sjølv velje nivå i "Game"-menyen.

Ordklassar og deira forkortingar

Vi brukar disse ordklassane:

n substantiv (girji, lohkamat, golmmas)
prop propra (egennavn) (William, Kárášjohka)
pron pronomen (mun, sidjiide, soapmásat, ollu)
num talord (okta, 1923)
adj adjektiv (alit, ollu, njealját)
prp pre-/postposisjon (alde, miehtá)
conj konjunksjon (ja, ahte, vaikko)
intj interjeksjon (vuoi, jippi)
adv adverb (hui, johtilit, olgun)
v verb (lean, borran, juhkamis)
part partikkel (go, amma, han)

I nokre spel er det merket ordklassar som ikkje finst i samisk, så som "infm" (infinitivsmerke) og "art" (artikkel).

Du kan lese meir om setningane og ordklassane våre her: Setningar, setningsledd og ordklassar

Lyd

Du kan slå av lyden i "Sound Effects Settings"-menyen.

Shooting Gallery-link:

Last changed: $Id: Shooting_nno.xml,v 1.8 2008/02/13 lene Exp $