SpaceRescue (Funksjonsspel)

Direktelink til SpaceRescue VISL

Å starte spelet

  1. Skriv setninga sitt nummer (for å få ei bestemt setning) – eller
  2. berre trykk "Play"

Aktiver Java-vindauget med å klikke på det, og trykk på F2-tasten på tastaturet.

Setningsnummer

I SpaceRescue-spelet arbeider du med setningsfunksjonar.

Du kan velge eit setningskorpus eller ein spesiell type setninger, t.d. SMEAb143. Men da kan du ikkje registrere resultatet.

Du kan sjå setningkorpusa her: setningskorpus

Spelet

Ei setning kjem til syne. Farlege blekksprutar voktar på orda. Målet ditt er å redde setningsledda og gje namn til dei. Spelet har tre stadium.

1. stadium

Du byrjer med fem kampfly som du kan styre med piltastane. Du kan skyte på blekksprutane med laserstråler viss du trykkjer mellomromstasten. Du skal skyte alle blekksprutane som voktar orda som høyrer til ett setningsledd. Viss du skyt mot blekksprut som ikkje høyrer til dette setningsleddet, så skyt alle blekksprutane mot deg og freistar å ødeleggje kampflyet ditt. Du må flytte kampflyet ditt slik at blekksprutane ikkje treff deg.

spacerescueimage

2. stadium

Når du har frigjort eit setningsledd, sender du bergingsskip ved å trykkje R. Du har berre ti bergingsskip. Viss du sender eit bergingsskip for tidleg (før du har frigjort eit helt setningsledd), så kan blekksprutane øydeleggje bergingsskipet.

3. stadium

Når du har berga eit setningsledd, vel du riktig funksjon (subjekt, verbal osb.) - lista er i høgre marg i spelet. Du flyttar oppover med A-knappen, og nedover med D-knappen. Når du har markert riktig funksjon, trykkjer du S.

Viss det er riktig funksjon, så skynder bergingsskipet seg med setningsleddet og legger det på riktig plass sammen med funksjonen. Setningsleddet blir grønt.

Viss du har valgt gal funksjon, angrip blekksprutane deg og øydelegg det grøne skjoldet ditt. Kvart setningsledd som du har berga, har to raude skjold - det eine over og det andre under. Det tydar at du har to moglegheiter til å velje riktig funksjon. Viss du gjer galt to gonger, øydeleggast bergingsskipet. Då viser datamaskinen riktig funksjon og setningsleddet blir raudt.

Knappar og deira funksjonar

spacerescuemeny image

  • piler Med desse kan du flytte bergingsskipet.
  • mellomromstast("Space bar"): Med denne skyt du med laser.
  • A ("Ascend"): Med denne flyttar du oppover når du skal velje riktig funksjon.
  • D("Descend"): Med denne flyttar du nedover når du skal velje riktig funksjon.
  • S("Send"): Med denne sender du riktig funksjon med bergingsskipet.
  • R("Rescue"): Med denne sender du bergingsskip.

Poeng

Du får 10 poeng for kvart ord som du har knytta til riktig setningsledd. Når heile setningsleddet er samla og knytta til riktig funksjon, så doblast poengsummen. Viss du prøver å ta med ord som ikkje høyrer til setningsleddet, så mistar du 5 poeng. For at du verkeleg skal svi, kan blekksprutane skyte på deg viss du gjer dette. Flytt kampflyet med piltastane for at blekksprutane ikkje skal treffe deg.

Ny setning

Når du er ferdig, kan du trykkje R og så får du ei ny setning. Da sender bergingskipet den ferdige setninga ut i verdsrommet og kjem med ei ny setning til deg.

Menylinja

I Game-menyen kan du stoppe spelet viss du vel "Stop Game". Du kan også sjå på resultat viss du vel "Highscore". Denne funksjonen kan du berre velje før du byrjer å spele, og etterpå.

I Settings-menyen kan du slå av lyden, eller sette den på når du vel "Sound effects".

I Help-menyen under "Introduction" finner du speleinstruksjonar. Du kan også velje "Tutorial" og da får du ein visningstur gjenom spelet. Viss du vel "About", får du vete namna og e-post-adressene til dei som har laga spelet.

Setningsledda og deira forkortingar

Vi bruker desse setningsledda:

Forkorting Setningsledd Døme
S Subjekt Min nieiddat leat čeahpit. Bahádahkki son lea! De dáhpáhuvai, ahte rievvár bođii.
P Verbal (predikator) Min nieiddat leat čeahpit. Ale mana! Don galggat jaska veallát.
Od Objekt Bija buori dola. Maid Máret áigu oastit? Dieđát go goas mis lea čoahkkin?
A Adverbial Lávvui gullá maid uvssot. Doai leahppi áŋgirit lohkan sámegiela olles dálvvi. Nieida lei skuvllas. Jus dieđášin, de dajašin.
HAB Habitiv Mus leat ustibat. Min bussás leat alit čalmmit.
fC Predikativ Min bussás leat alit čalmmit. Gáttis ledje olbmot.
Cs Subjektpredikativ Min nieiddat leat čeahpit.
Co Objektpredikativ Son oaččui dan luoikkasin. Gáhkuid son ráhkada hui buriid.
Cp Predikativpredikativ Mus leat gieđat nu galbmasat.
CO Koordinator Muhto Parkera gal deavččastetne.
SUB Subordinator Jus dieđášin, de dajašin. Son lea viššaleabbo go mun.
PART Partikkel Boađát go odne?
VOC Vokativ Gilette, boađe donge!

Vi burker desse sideordningsledda:

Forkorting Sideordningsledd Døme
CO Koordinator Sii ráhkadedje muohtaádjáid ja muohtaeŋgeliid.
CJT Konjunkt Sii ráhkadedje muohtaádjáid ja muohtaeŋgeliid.

Her kan du lære meir om setningsanalyse: Setningsledda og deira funksjonar

Eller du kan øve her: Setningstre

SpaceRescue-link:

Last changed: $Id: SpaceRescue_nno.xml 23845 2009-02-10 10:06:57Z biret $