Paintbox Game (Måleskrin)

Direktelink til Paintbox VISL

Om spelet

I Paintbox-spelet arbeider du med ordklassar. Målet med spelet er å fargeleggje orda i setninga med rett farge. Til kvar ordklasse høyrer det ein viss farge. Trykk først ordklassen, og deretter ordet eller orda du vil fargeleggje.

Paintbox

Å starte spelet

Trykk "Go".

Hjelp

Du kan trykke "SHOW", og så ordet som du treng hjelp til.

Ein gang til, eller ny setning

Når du er ferdig med ei setning, så kan du velje å gjere same setning ein gong til (trykk "Repeat"), eller du kan velje ny setning, "New Sentence".

Lyd og flodhest

Du kan velje om du vil ha lyd eller ikkje. Du kan i også setje inn ein ansikt i staden for flodhesten.

Valg

Viss du trykkjer "Start select", så kan du velje å arbeide med bare ein eller eit par ordklassar. Trykk knappen ein gong til når du har valt. Du ser nederst på skjermen kor mange ord du skal fargeleggje i kvar setning, "Words left". I dette spelet kan du ikkje velge setningssett.

Paintbox

Ordklassar og forkortingane deira

Vi brukar desse ordklassane:

n substantiv (girji, lohkamat, golmmas)
prop propra (egennavn) (William, Kárášjohka)
pron pronomen (mun, sidjiide, soapmásat, ollu)
num talord (okta, 1923)
adj adjektiv (alit, ollu, njealját)
prp pre-/postposisjon (alde, miehtá)
conj konjunksjon (ja, ahte, vaikko)
intj interjeksjon (vuoi, jippi)
adv adverb (hui, johtilit, olgun)
v verb (lean, borran, juhkamis)
part partikkel (go, amma, han)

I nokre spel er det merket ordklassar som ikkje finst i samisk, så som "infm" (infinitivsmerke) og "art" (artikkel).

Du kan lese meir om ordklassar her: Ordklassar og vurdering av dei

Paintbox-link:

Last changed: $Id: Paintbox_nno.xml,v 1.8 2008/06/19 lene Exp $