Interaktiv samiskopplæring på Internett
Sámegillii | På norsk | In English | Suomeksi | På svenska
Nye Oahpa - prosjekt 2011-2013
Prosjektet Interaktiv samiskopplæring på Internett tar utgangspunkt i Oahpa!, et nettbasert læringsprogram for nordsamisk, og integrerer det med kurs i samisk som fremmedspråk. Resultatet blir et sett av fleksible kursopplegg som muliggjør studium både som individuelt arbeid for distansestudenter, og for studenter i små grupper. Prosjektet er støttet med finansiering fra Norgesuniversitetet.
Giellatekno ved Senter for samisk språkteknologi ved UiT har utvikla Oahpa!, ei programpakke som tilbyr interaktiv trening i ordforråd, grammatikk og kommunikative ferdigheter i nordsamisk. Nå videreutvikler vi Oahpa til å inngå i et fleksibelt utdanningstilbud innen samisk, der deler av undervisninga vil foregå som selvstudium på Internett. Ved å bygge videre på Oahpa og også utvikle nye deler, vil studentene få et pedagogisk og teknologisk godt tilpassa fleksibelt undervisningstilbud.
Nordsamisk blir brukt i tre land, og det å sikre at Oahpa kan brukes også utenfor Norge, er et prioritert mål i samisk sammenheng. For å sikre den pedagogiske kvaliteten samarbeider vi med to universiteter i Finland, som dermed vil være med på å forme og også prøve ut opplegget. Det vil bli laget egne læringsstier for studentene i Finland.
Nyutviklinga av Oahpa består av:
- Utvide ordforrådet i leksikonet, bl.a. tilpassing til læremidler brukt ved finske universitet
- Legge til flerordsuttrykk i Leksa
- Legge til flere typer pronomener i Morfa-S og Morfa-C
- Legge til flere typer verbbøyninger i Morfa-S og Morfa-C
- Utvikle Vasta med flere varianter, f.eks. Vasta-S med oppgitte lemmaer
- Lage flere dialoger til Sahka, knyttet opp mot lærestoff fra kurs
- Forbedre den pedagogiske feedbacken i disse programmene
- Lage innlogging for studenter og lærere, noe som bl.a. gir bedre logging av bruk
- Lage læringsstier for flere universitetskurs med dyplinking til øvelser i Oahpa
- Lage verktøykasse for viderekomne studenter med bl.a. dependensordbok
- Lage program for generering av grammatikkoppgaver fra autentiske tekster på internett.
Vi vil følge opp studentenes bruk av programmene for utviklingsarbeidet i prosjektet, men dette vil også være nyttig for å utvikle kunnskap om slik pedagogisk bruk av IKT.
Vi som arbeider med dette:
- Lene Antonsen, lingvist/pedagog (prosjektleder)
- Berit Anne Bals Baal, lingvist/pedagog og hovedansvarlig for læringsstiene
- Bjørn Hatteng, grafisk formgiver
- Trond Trosterud, lingvist
- Ryan Johnson, programmerer Oahpa
- Ciprian Gerstenberger, programmerer Oahpa
- Heli Uibo, programmerer Oahpa
- Helsingfors universitet: Irja Seurajärvi-Kari
Om prosjektet OAHPA! 2007-2008
Prosjektet var finansiert av det norske Sametinget (405.000 kr) og av Humanistisk fakukltet ved Universitetet i Tromsø. Arbeidet tok til sommaren 2007 og blei lansera i februar 2009.
Prosjektet hadde to hovudmål:
- Å bygge program slik at studentar og elevar kan arbeide interaktivt med å få kommunikative ferdigheiter på samisk.
- Å lage interaktive spel for samisk.
Etter vårt syn er det naturleg å knyte også andre ressursar frå universitetet sitt Giellatekno-prosjekt til dette prosjektet. Derfor har vi bygd OAHPA!-portalen.
Kjerna i prosjektet er bruk av automatisk setnings- og ordanalyse, når vi lagar program som i lag med brukaren kan produsere naturlege dialogar om daglegdagse tema. Programmet blir dermed eit viktig tillegg til elevar og studentar som lærer seg samisk, men også til lærarar og andre som allereie kan noko samisk, men som har ei kjensle av at dei ikkje kan nok. Dei får også øve på å bruke samisk, og dei får den same hjelpa. Programma skal vere tilgjengeleg på nett, og gratis for alle brukarar, om dei er skoleelevar eller ikkje.
Eit anna grunnlag for programmet er leksikonet til analysatorane våre, som inneheld omtrent 100 000 ord, av dei omtrent 40 000 namn. Namneleksikonet gjer det mogleg å lage oppgåver som brukaren kan bruke for å lære fleire namn, og for å lære å bøye dei.
Vi byggjer interaktive spel på samisk slik at dei fungerer for samiske setningar, og integrerer dei i VISL Visual Interactive Syntax Learning-programma. I desse spela øver brukarane på å kjenne att ordklasser og setningar. VISL er laga for å bli brukt av danske studentar, men er no i bruk også i grunn- og vidaregåande skole både i Noreg og Danmark.
Målgruppa er studentar og elevar, men også andre. Internett er vanleg i dei fleste heimar, og dermed kan også foreldre, aleine eller i lag med barna sine, øve på samisk med hjelp av spela. Brukaren vel emne, og programmet vel spørsmål som ho eller han skal svare på. Programmet vurderer verbbøying og kasusbruk, og fortel brukaren kva han eller ho evt. har gjort feil. Programmet kan bruke svaret til å bestemme neste spørsmål. Viss brukaren t.d. svarer at han/ho har hund, kan neste spørsmål dreie seg om hunden, osb.
Språkteknologigruppa ved Universitetet i Tromsø har sidan år 2000 bygd analyseprogram m.a. for nordsamisk, program som gjer det mogleg å analysere og produsere ordformer på nordsamisk, og bruke dei i ulike syntaktiske kontekstar.
Prosjektarbeidarar attom den første OAHPA var:
- Lene Antonsen, pedagog og lingvist
- Biret Ánne Bals Baal, lingvist
- Saara Huhmarniemi, programmerar
- Kjellaug Isaksen, grafisk formgjevar
- Trond Trosterud, lingvist og språkteknolog
VISL-gruppa ved Syd-Dansk Universitet i Odense bruker dei same datalingvistiske hjelpemidla som vi (endelege tilstandsautomatar og føringsgrammatikk), og med desse hjelpemidla har dei laga mange pedagogiske program som det er mogleg å bruke med dei same analyserte tekstane. På den måten er det mogleg å leggje til nye språk, det som trengst er ei samling analyserte og tilpassa tekstar, dei kan så brukast direkte til alle dei same spela som for dei andre VISL-språka. På VISL-sidene ligg det nesten 30 ulike språk, som alle kan brukast i mange ulike spel.